| Under Samfunnssikkerhetskonferansen 2019 blei ho tildelt SEROS-prisen for årets beste masteroppgåve innanfor samfunnstryggleik. Oppgåva har tittelen «SoMe – so what?». Ho studerte ei rekkje norske kommunar som dei siste åra har måtta handtere kriser som storbrann og flaum. I slike situasjonar har sosiale medium blitt blant dei viktigaste kommunikasjonskanalane, skriv Torkildson Ryste. Auka fart Ein annan konklusjon er at sosiale medium har ført til auka fart i krisekommunikasjonen. Det skuldast mellom anna teknologisk utvikling og høgare forventingar hos innbyggjarane. Torkildson Ryste fann også at det er store ulikskapar mellom norske kommunar i korleis og kor mykje dei brukar sosiale medium. Ofte har kommunane vore avhengige av ei eldsjel. Dei som ikkje har vore på Facebook før krisa, har oppretta eiga side i ettertid, og åtte av ni undersøkte kommunar har tatt sosiale medium inn i kriseplanverket sitt. Efaringsbasert master Masteroppgåva konkluderer også med at tre av dei fire kommunane som hadde mest suksess med bruk av sosiale medium i krisehandtering, hadde ei digital eldsjel i leiinga. Torkildson Ryste tok erfaringsbasert master i risikostyring og sikkerheitsleiing gjennom UiS EVU, med professor Odd Einar Olsen som rettleiar. Ho har gode ting å seie om studiet. – Eg vil takke Universitetet i Stavanger for ein framtidsretta og god master, sa ho under prisutdelinga. Tekst: Leiv Gunnar Lie Foto: Mari Hult 2019-01-07 |
Siste nyheter
- Her er tidene for karavanen under Arctic Race of Norway
- Trafikk og stengte veier 15. august
- Vesterålen barnevern søker støttekontakter
- Folkehelseuka i Hadsel 7.-13. september
- Folkefest 15. august? Det lager vi sammen!
- Hvor stopper turen i din nærnatur?
- Si din mening om framtidas Nordland
- 22.juli-markering ved minnesmerket på Melbu