Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A
Sist oppdatert 22. sep. 2021 kl. 19:05

Informasjon om koronasituasjonen fra Hadsel kommune

Hadsel kommunes koronatelefon:  417 04 502 (åpen hverdager 08.30-11.00 og 13.00-14.30)

Informasjon om koronavaksinering (vaksinasjonstelefon: 41 70 44 45, betjent hverdager 12.00 - 15.30). 

Klikk her for venteliste og timebestilling

Information in English

Les mer...

Sosiale medium har endra krisehandtering

Heid Ryste rektor Odd Einar Olsen pris  6811  03  01  19.jpg (rw largeArt  1201)

Under Samfunnssikkerhetskonferansen 2019 blei ho tildelt SEROS-prisen for årets beste masteroppgåve innanfor samfunnstryggleik. Oppgåva har tittelen «SoMe – so what?».

Ho studerte ei rekkje norske kommunar som dei siste åra har måtta handtere kriser som storbrann og flaum. I slike situasjonar har sosiale medium blitt blant dei viktigaste kommunikasjonskanalane, skriv Torkildson Ryste.

Auka fart

Ein annan konklusjon er at sosiale medium har ført til auka fart i krisekommunikasjonen. Det skuldast mellom anna teknologisk utvikling og høgare forventingar hos innbyggjarane.

Torkildson Ryste fann også at det er store ulikskapar mellom norske kommunar i korleis og kor mykje dei brukar sosiale medium. Ofte har kommunane vore avhengige av ei eldsjel.

Dei som ikkje har vore på Facebook før krisa, har oppretta eiga side i ettertid, og åtte av ni undersøkte kommunar har tatt sosiale medium inn i kriseplanverket sitt.

Efaringsbasert master

Masteroppgåva konkluderer også med at tre av dei fire kommunane som hadde mest suksess med bruk av sosiale medium i krisehandtering, hadde ei digital eldsjel i leiinga.

Torkildson Ryste tok erfaringsbasert master i risikostyring og sikkerheitsleiing gjennom UiS EVU, med professor Odd Einar Olsen som rettleiar. Ho har gode ting å seie om studiet.

– Eg vil takke Universitetet i Stavanger for ein framtidsretta og god master, sa ho under prisutdelinga.

Tekst: Leiv Gunnar Lie
Foto: Mari Hult

2019-01-07

Tip a friendTips en venn